Illustrasjonsbilete

Kor treffsikre er vêrmeldingane?

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/7/2020 11:53

Nordmenn er svært opptatt av vêret, og tysnesingane er vel ikkje så ulike nordmenn flest.

Særleg no om sommaren, når ein har ulike aktivitetar som skal planleggast, er ein ekstra opptatt av korleis vêret blir.

Kor nøyaktig er vêrmeldingane, og kor langt fram i tid kan ein melde vêret på ein treffsikker måte?

faktisk.no kan ein lese at det er stor forskjell på treffsikkerheten til vêrmeldinga, basert på kor langt fram i tid vêret skal meldast.

Vêrmeldinga for ein dag fram i tid er som regel veldig presist, og også for tre dagar treffer ein stort sett bra. Etter det vert treffsikkerheten dårlegare. Det kan vera vanskeleg å vite om det skal regne om 10 dagar, men ein kan vite om det blir ein fuktig eller tørr vêrtype.

Dersom det er stabile høgtrykk, som ofte betyr fint ver om sommaren i Norge, kan ein melde ganske presise vêrmeldingar opp til to veker fram i tid. Dersom luftmassane er ustabile, er det større usikkerhet heilt ned til samme dag.