Publisert av: May Britt Meland
18/6/2019 20:28

Pernilla Eugenie Epland har all grunn til å smila bredt! Foto: Nils Hetleflåt (Bilete er frå eit tidlegare stevne)
Sterkt løp i England
Det var ei strålande fornøyd Pernilla Eugenie Epand som laurdag (15/6) sprang over målstreken. Under 5000 m i eit Grand Prix-stemne i British Miler Club-serien i Loughborough sette ho ny personleg rekord.
Under NM på Byrkjelo i fjor sette ho pers med tida 16:21:38, laurdag vart det ny rekord med tida 16:11:92.
På eit slikt langt løp er det viktig med ein god strategi. -Det er viktig å ikkje gå for hardt ut og finna ein flytfart fortel Pernilla Eugenie Epland. I tillegg greidde eg å avslutta sterkt, så dette vart eit bra løp!
