Årets fyrste øving

Publisert av: May Britt Meland
19/1/2023 18:18

Mannskapa i Tysnes brann og redning brukar årets fyrste øvingar på å trene på bruk av løfteputer og IR-kamera.

Løfteputer er eit verktøy me har til å hjelpe oss med for å flytte på tunge objekt. Til dømes viss nokon har fått tunge gjenstander over seg. Løfteputene vert blåst opp av trykkluft, og har stor kapasitet.

IR-kamera er i hovudsak eit verktøy ein brukar i høve brann. Kameraet kan sjå gjennom brannrøyk, og gjer søk etter sakna personell mykje meir effektivt. Det kan også brukast til å finne varme punkt i situasjonar der det har vore brann, branntilløp eller varmgang.

Foto: Tysnes brann og redning