Spør fyrst, grav etterpå!

Publisert av: May Britt Meland
21/5/2019 18:14

Geomatikk AS har overteke gravemeldingstenesta for BKK Nett. Dette inneber at all graving på Tysnes no skal meldast til Geomatikk på https://gravemelding.no/, og ikkje direkte til BKK Tysnes. Inntil vidare vil BKK Nett, etter melding frå Geomatikk, utføra påvisingsteneste der ein finn dette naudsynt, men etter kvart vil Geomatikk også overta denne tenesta. Gravearbeid må ikkje setjast i gong før BKK Nett har teke kontakt, og gitt klarsignal.

Fyrste gongs påvising i samband med eit gravearbeid, er gratis.

Det er graveentreprenør som har ansvar for å be om gravemelding, ikkje byggherre. Gravemelding gjeld og privatpersonar.

Dersom kablar tilhøyrande BKK, vert påført skade i samband med gravearbeid, vil kostnadane med utbetring av skade verta fakturert, med mindre dette skuldast feil ved påvisinga.

BKK Nett sine retningsliner ved anleggsarbeid i nærleiken av kabelanlegg:

https://www.bkk.no/nett/bygge-og-grave/retningslinjer