Sterkt av Pernilla
20/5/2019 18:49
Under årets 3000m i Arne Risa Classic 15. mai på Fana Stadion, stakk Pernilla Eugine Epland frå Stord Friidrett nok ein gong av med sigeren.
-Det er kjekt å vera i gong med sesongen fortel ei glad Pernilla til Tysnesingen.no. Det var litt ekstra nerver sidan det er lenge sidan sist konkurranse, men det gjekk fint! Vinterens trening har gitt frukter, eg sprang 5 sekund betre enn i fjor, så då er eg på rett veg.
Det var 18 kvinner som stilte til start, men ein trio beståande av Pernilla Eugine Epland frå Stord, Mari Roligheten Ruud frå Runar og Eli Anne Dvergsdal frå Gneist tok teten. Pernilla viste seg sterkast og sprang i mål på tida 9:28 med 16-åringen Mari Roligheten Ruud tett i hælane på 9:31
Resultatliste 3000 meter kvinner senior
3000 m KS | |||||
Plass | Startnr | Etternavn | Fornavn | Klubb | Tid |
1 | 143 | Epland | Pernilla Eugenie | Stord IL (Allianseidrettslag) | 9:28:60 |
2 | 141 | Ruud | Mari Roligheten | Runar, IL – Friidrett | 9:31:18 |
3 | 126 | Dvergsdal | Eli Anne | Gneist,IL – Friidrett | 9:38:01 |
4 | 131 | Dommersnes | Kristine Lande | Haugesund Idrettslag Friidrett | 9:43:66 |
5 | 140 | Haugen | Ina Halle | Runar, IL – Friidrett | 9:46:43 |
Vil du lese meir om løpet? Sjå saka på Kondis.no