Konsertar på Mandelhuset vert flytta til Vonheim

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/8/2020 19:48

Flytting av konsertane i helga.

Vårt fokus vil alltid vera at gjestane vår skal få dei beste konsertopplevingane me klarer å levera. Det klarer me ikkje å gjer på Mandelhuset denne helga etter dei nye smittevernsreglane trår i kraft i dag.

Konsertane i helga med Eva Weel Skram på laurdag og Odd Nordstoge på sundag skulle eigentlig vera ute på stolradar med servering. Nye smittevernsreglar som trer i kraft i dag seie at kulturarrangement med servering skal ha bordservering. Det klarer me ikkje me å løysa praktisk og forsvarlig på området vårt. Begge konsertane blir dermed flytta opp i storsalen i Vonheim.

Dei som ikkje kjennar Vonheim, så er det vårt stolte ungdomshus som ligg 100 meter opp i vegen frå Mandelhuset. Huset vart bygga i 1923, same året som Mandelhuset vart bygga. Me gjer dette for å sikra at de får den best mogleg konsertopplevinga, me er sikker på at dette blir veldig bra. Det blir derimot ingen servering i Vonheim, det vil sei at du kan starta på Mandelhuset med middag og drikka, gå opp på konserten og så komma ned igjen på Mandelhuset etter konserten, om de ønskjer.

Planen er dermed som følger:
Laurdag: Dørane opnar kl 19:00.
Sundag: Dørane opnar kl 17:00.

Billetter er framleis i salg:
Laurdag: https://mandelhuset.ticketco.events/no/nb/e/eva_weel_skram_paa_mandelhuset
Sundag: https://mandelhuset.ticketco.events/no/nb/e/odd_nordstoga_paa_mandelhuset

Det nye punktet frå FHI som trer i kraft i dag: – Arrangementer med skjenkebevilling skal ha bordservering. Alkohol kan ikke serveres etter midnatt, og må være ferdig konsumert innen kl. 00.30.

Med venleg helsing / Best regards
Patrick Russell Madsen
Dagleg leiar Mandelhuset AS
Hegglandsvegen 4, 5680 Tysnes
Mobil: 48 19 83 46
Epost: patrick@mandelhuset.no
www.mandelhuset.no