Årets første julekonsert på Omsorgssenteret

Publisert av: May Britt Meland
2/12/2020 10:31

Tysdag 1. desember hadde me besøk av trioen Triade som består av søskenparet Brith (sang) og Geir Barsnes (gitar, song og dikt) og Terje Onstad (piano) på omsorgssenteret.

Dei hadde ein flott julekonsert med alt i frå moderne “julasvisker” til dei “gode gamle” som bl.a. “O helga natt”, “Det hev ei rose sprunge” og mange fleir.
Innimellom sangane “krydra” dei konserten med litt småsnakk, dikt og historier frå eigen barndoms jul.

Brukarane gav utrykk for å hatt ei veldig fin stund.

Tekst og foto: Tysnes Omsorgssenter