Laurdag ettermiddag var det duka for toppoppgjer på Møhlenpris når a-laget tok fatt på det som på papiret var haustens tøffaste bortekamp.
Heimelaget Hasunds Hund låg på 3. plass før rundens kampar, og hadde mobilisert godt for å slå oss. Ein tropp på 18 mann mot vår på kun 13 kunne bli tøft.
Etter 10-15minutt tok heimelaget ledelsen etter at keeper Kjartan fyrst redda mesterlig. Returen havna dessverre rett i beina til ein Hasunds-spelar framfor ope mål.
Litt etter litt fekk me justert spelet vårt, og tilpassa oss ein svært våt og ”hurtig” bane.
I det 26. minuttet set Roy på turboen, drar seg til dødlinja på høgresida og legg inn til Didrik som kontant bredsidar inn utligningen.
12 min. seinare er det på ny ein dødball som skaffar oss mål. Etter litt ”klabb og babb” er det Børge som via forsvarar får pirka inn 1-2.
Kampen er dermed snudd og me styrer kampen etter litt unøyaktige åpningsminuttar.
Rett før pause blir Roy spelt fri på midtbanen, bestemmer seg og spring frå alt og alle før han enkelt set inn 3-1 åleine med keeper.
Etter kvilen kontrollerar me egentlig kampen, og skapar fleire sjansar før me er uheldige og får straffe i mot. Denne er Kjartan sjanselaus på og Hasunds er for alvor med i kampen igjen med 3-2.
Nokre minutt seinare blir me vitne til dagens angrep når banens beste Roy på ny parkerar ein Hasunds-forsvarar og legg inn til kaptein Aksel som knallhardt bankar inn 4-2.
Meget sterk borteseier!
No ventar Tyssedal og LøvHam i dei to neste heimakampane. Tyssedal fyrstkommande laurdag kl 1530 før det blir ein aldri så liten opprykksfinale laurdag 29. mot 2. plass laget LøvHam.
Me ønsker at så mange som mulig kjem å hjelper oss mot opprykk i desse kampane.
Mykje publikum og god stemning på Reiso i sluttspurten er kjekt!
Me legg til at I forbindelse med den tragiske beskjeden om at ildsjel, klubblegende og æresmedlem Nils Eivind Hansen brått og uventa har gått bort, så vil det bli holdt ei minnemarkering der me hedrar han før kampen mot Tyssedal. Alle er sjølvsagt velkomne på denne, enten dei vil sjå kampen eller ikkje.
Alt frå klubben si side er sjølvsagt avklart med familien til Nils Eivind.