Ung Husflid

Publisert av: Vegard Aslaksen
7/9/2018 07:57

Ny sesong for kreative ungdommar i regi av Tysnes husflidslag. 9 ivrige deltakarar djupt konsentrert om å smi seg snorgaffel i husflidstova i går kveld. Dei hadde godt handlag med kniven, og skadene vart minimale. Imponerte vaksne hadde ei kjekk stund i lag med denne flotte gjengen. Seinare blir designertalentet deira utfordra mellom anna ved hjelp av symaskin. Det ser ut til å bli ein spennande og triveleg haust.

Tekst og foto; Helga Aslaksen