Står på for andre

Publisert av:
28/1/2017 19:36

I midten av mars i år reiser ho for tredje gong til Ukraina med ei hjelpesending.
– Vi skal dele ut klede, leikar og ikkje minst vise omsorg og kjærleik til dei vanskelegstilte der nede, seier ho. 

Fleire tysnesingar med til Ukraina

Tysnesingane Åshilld Matre og Else Marit Særsten, som har vore med tidlegare, vert også med. I tillegg vert Tamara Natalie Madelen Helland, Nora Særsten Stien og Ingrid Elisabeth Rossebø Robinson med. 

Det er stiftelsen KPK Ukraina som organiserer hjelpearbeidet. Stiftelsen er ei offentleg godkjent humanitær stifting med formål å hjelpe gateborn, fattige familiar og eldre i Vest-Ukraina. I løpet av eit år sender dei 4-5 full-lasta trailerar frå Haugesund.

Fattige småbornsfamiliar

Ungane har det svært vanskeleg. Det er stor mangel på både mat og klede. Under eit besøk i Ukraina for to år sidan fekk Merete nyss i at mange i rein desperasjon, ga ungane litt alkohol på flaskene for å døyva den værste svolten. Ho fortel også at det i Ukraina kostar kr 150 for ein pakke med bleier medan barnetrygda er på kr 300 i månaden.
Småbornsfamiliar står då ovanfor valget mellom ein tørr stump eller mat….

Oppfordrar til engasjement

Den energiske dama er aktiv på facebook for å få med seg tysnesingar og venner ellers. Ein finn oppdatert informasjon om ulike innsamlingar. – Vi har samla inn alt frå skulesekkar og skulemateriell til klede, mat, kjøkenutstyr, varme tepper og madrassar. –Mange har absolutt ingen ting, dei treng alt, seier ei engasjert Merete.

Nett no er det stort fokus på å få samla inn pengar til innkjøp av melkeblanding og babygrøt. Stiftinga har sendt nedover godt over 100 tåteflasker med trailer. –Vi kjem til å lage melk på flaske og dele ut medan vi er der nede fortel Merete. Om ein har lyst å bidra, har ho ein kampanje på Facebook der det også er mogleg å donere pengar via Vips på nr 93853973. 

 

Tysnesingane er flinke å gje og vise at dei bryr seg, skryt Merete. Før jul var det mange som tok seg tid i julestria til å lage til mange julegåver som vart sende til Ukraina.

Fadderordningar

Sjølv har ho 2 fadderfamiliar og endå fem til familiar ho sender ”gåver” til, kartongar med nødvendige og sterkt tiltrengte ting. På Tysnes er det også fleire andre som er aktive innan desse fadderordningane. 

Bilete syner nokre av ungane som nett har fått ei sending med faddergåver. Merete synast det er kjekt å sjå at hjelpa kjem vel fram.