Arkivfoto frå tildegare innsamling av tepper.

Bli med på strikkedugnad

Publisert av: May Britt Meland
15/10/2023 18:31

Vil du vera med på dette flotte prosjektet som Tysnes Normisjon og Tysnes bygdekvinnelag er med på.

Innsamling av tepper, huer og sokker til dei nyfødte på sjukehuset i Nepal.
No er det snart vinter og kaldt i Nepal og dei små fattige nyfødte treng varme tepper, huer og sokker.

Dei fattige mødrene kjem til sjukehuset og føder der, når dei veit at dei får med heim desse flotte strikkeplagga som du kan vera med å laga.

OBS! Nepaleserane er fargeglade folk, og det er herlig med spreke farger. Men kvit er rekna som dødens og sorgens farge i Nepal, så det er derfor lurt å ikkje strikka heilt kvite ting.

Vil du vera med på denne flotte dugnaden, skal Tysnes Normisjon og Tysnes Bygdekvinnelag ha innsamling på Normisjonsbasaren tirsdag 5. desember kl 18 i Kyrkjestova.

 

Tusen takk til deg som vil vera med på dette arbeidet for dei ,små nyfødte fattige i Nepal