SS Shtandart til Tysnesfest!
23/4/2015 06:59
Tsar Peter den store hadde ein visjon om “Det Nye Russland”. Han drøymde om ein kraftfull russisk flåte som skulle ha base i hans eigen hovudstad, St Petersburg, byen som skulle vere Russlands «vindauge mot Europa». Det var med dette utgangspunktet at tsaren i 1703 bestilte sitt fyrste krigsskip, fregatten «Shtandart», eit skip med 28 kanoner. Denne fregatten vart seinare også hans flaggskip. Den fyrste «Shtandart», som vart bygd etter det britiske admiralitetets spesifikasjonar, segla frå 1703 til 1719.
Dagens kopi av «Shtandart» vart sjøsett i St. Petersburg 1999, også denne gongen som resultatet av ein draum. Prosjektet vart starta i 1994 , etter initiativ frå den unge skipsbyggaren Vladimir Martous. Etter fem slitsame år med ei stadig jakt etter pengar segla «Shtandart» for fyrste gong. I 2003 vitja ho Sail Karlskrona med kaptein Martous som stolt kommandant.
Fregatten «Shtandart» er eit imponerande syn i all si fargeprakt. Skipet som berre er bygd i tre, er 35 meter langt (inkludert bowsprit) og kan maksimalt bære eit segl på 660 kvadratmeter.
Du kan finne meir informasjon og bilder av tsarens flaggskip på fartøyets offisielle heimeside; http://www.shtandart.com.
Når SS Shtanart besøker Tysnes vil dei ha ope skip, segltrening på fjorden og ikkje minst sjørøvarshow!
Gullgalne Gruella og Piratmatros Ekle-Leif og jakta på det halve skattekartet
Den frykta sjørøvardronninga Gullgalne Gruella er klar til å sikra seg herredømmet på sjø og hav med ei fyrsteklasses skute like i frå Russland! No kan Kaptein Sabeltann skjelve i buksene. Han er ein dott i forhold til den grusomme Gruella. Sjørøvardronninga har herja på dei sju hav til alle tider. Ingen veit alderen hennar. Det mytiske og mystiske sjørøvarikonet svevar over vatna, og dukkar opp når ein minst ventar det.
Rykta fortel at Gruella kjem til Tysnesfest, som sjef om bord på skuta …. Ho er på jakt etter den slue og udugelege slasken av ein piratmatros Ekle-Leif som ho mistenkjer har stukke av med eine delen av skattekartet hennar – eit skattekart som leiar til ein heilt spesiell skatt.
Sjørøvarkapteinen er ein uredd seglar, og står ikkje i vegen for å forlanga at lat mannskap går planken. No er ho på jakt etter ramsalte piratar frå Tysnes som kan hjelpe ho i jakta…!
Sigvard Madsen, Tysnesfest