Fire smilande og spreke idrettsmerketakarar. Øvst f.v. Stein Aanesen og Lars Petter Epland. Under f. v. Arvid Gaugstad og Tor Ottersen.

Spreke veteranar

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/1/2021 15:03

Ein vakker haustkveld i midten av oktober i 2020 gjorde fire staute karar unna idrettsmerkeprøvane.

Til Reiso

I fjor var det tanken at ein skulle prøva litt ekstra å rekruttera nye deltakarar i tillegg til «den faste gjengen» på vel 10 personar. Det vart det ikkje noko av, for på idrettsbanen ved Tysnes  skule var det ikkje aktuelt å hoppa, kasta eller springa på grunn av  omfattande arbeid med nytt skulebygg. Pandemien gjorde òg sitt til at det vart vanskeleg å gjennomføra idrettsmerkeprøvane, men for fire karar som likar friidrett vart det likevel ei løysing.

Eit godt alternativ til nytt «friidrettsstadion» vart idrettsbanen på Reiso, der det i mange år var ein bra løpebane. No er det lite igjen av den, men nok til at 60 meteren kunne gjennomførast, og elles let det seg godt gjera å få til både spenst og styrke på området. Dei fire karane var inspirerte, dei er alle i god fysisk form og har glede av denne årlege utfordringa. Der hadde dei ei triveleg stund saman, med ein nydeleg solnedgang i horisonten denne haustkvelden.

Held seg i fysisk form

Tor Ottersen imponerer. Det er ikkje mange 87-åringar som greier krava til idrettsmerket. Tor er lett på foten og er dagleg i god fysisk aktivitet.

Lars Petter Epland er ein allsidig og svært aktiv kar i lokalsamfunnet. Han òg er ein atletisk veteran, som held seg i fysisk form og er framleis rask til beins. Ein sterk 60 meter på 9,47 sekund er eit strålande resultat når ein er 60 år.

Stein Aanesen (71 år) har no utført idrettsmerketaking 51 gonger. Det står det respekt av. Han er ein dyktig symjar, så uthaldet gjorde han unna i symjebassenget. Der fossa han gjennom 500 meter på 9,25 minutt. Kravet i hans aldersklasse er 18,30 minutt, så det er tydeleg at symjeteknikk og kondisjon held eit godt nivå.

Arvid Gaugstad hadde heller ingen problem med dei ulike krava. 75-åringen sprang m. a. 1500 meter på 8,53 minutt. Som dei tre andre har han gjennom mange år vore flink til å halda kroppen ved like med ulik trimaktivitet.

Alle fire er gode ambassadørar for idrettsmerket.

Merketakarane i 2020 (tal gonger i parentes):

Lars Petter Epland (29)

Arvid Gaugstad (36)

Tor Ottersen (36)

Stein Aanesen (51)

 

Tekst/foto: Hans Ole Dalland