Spennande kamp
7/5/2009 20:00
Njardar fekk ein kjempegod start på kampen. Dei viste fram storspel og tok leiinga 2-0 etter mål frå Torstein Flakke og Ruben Siglevik Lunde.
I siste halvdel av 1.omgong overtok så stordingane og dei snudde stillinga til 3-2 i dei kvite sitt favør.
I 2.omgong bølgja spelet fram tilbake mellom dei to laga. Etter ti minutt sprang Simon Malkenes frå heile Stord-forsvaret og utlikna til 3-3.
Dette stod seg så til det stod att berre eit par minutt av oppgjeret. Då var ein Stord-spelar frampå og alle trudde nok alle tre poenga forsvann over Langenuen.
Men Njardar-gutane ville annleis. Dei kjempa på til siste spark og fekk betalt då Ruben Siglevik Lunde scora berre sekundar før domaren bles av for full tid – til ellevill jubel både på og utanfor banen! Kjempegod innsats av heile laget gav poeng.