Ny betalingsordning på ferjene

Publisert av: May Britt Meland
2/1/2019 19:59

Frå 1.1.2019 vart det mogleg å betale med AutoPASS Ferjekort.

I følge nettsida autopassferje.no vil ein no kunne betale med AutoPASS-ferjekort på ferjesambanda Halhjem-Våge og Jektevik-Norhuglo-Hodnanes.

Etter 31.03.2019 kan ein ikkje lenger fylle på dagens verdikort, men det kan nyttast tom 30.06.2019. Om ein har ein restverdi på kortet, vert det mogleg å få denne refundert ved å kontakta ferjeselskapet som har utstedt ferjekortet.

Meir utfyllande informasjon om korleis du opprettar ein AutoPASS ferjekonto, og korleis du får det nye AutoPASS- ferjekortet på autopassferje.no