Spanande med nytt turlag på Tysnes
15/2/2020 09:57
Tysdag 18. februar er det stiftingsmøte i Tysnes Turlag. Turlaget vil verta eit av 35 lokallag som er tilknytt Bergen og Hordaland Turlag.
Den Norske Turistforening (DNT) er Norges største friluftslivsorganisasjon med over 300.000 medlemmer. Organisasjonen består av 57 medlemsforeninger, som igjen har lokallag. Mange lag har også eigne lag for born og ungdom.
DNT arbeider for å fremja eit enkelt, aktivt, allsidig og miljøvennleg friluftsliv og for å bevare natur og kulturverdier.
På stiftingsmøte vil styreleiar for Bergen og Hordaland Turlag, Elisabeth Skage vera med, og ha ei oppsummering av 2019, og fortelja om nyheter for 2020.
I tillegg til dei ordinere sakene for stiftinga av lokallaget, vil Celine Cevy Dahl sei litt om satsingsområda til Tysnes Turlag.