Elvis Costello & The Imposters til Tysnesfest

Publisert av: May Britt Meland
14/2/2018 12:55

Det er intet anna enn ei verdsstjerne som inntek Gjerstad arena laurdag 14. juli!

Elvis Costello er ei legende som har vore på vegen i 40 år. Han har samarbeidd med store namn som Paul McCartney, og er gift med jazzartisten Diana Krall. 63-åringen  har gitt ut eit 30-tals album aleine og med fleire band og andre artistar.

I starten på karrieren var Costello sterkt påverka av punk og new wave. Men sidan har han gjort seg bemerka i ei rekke sjangrar, mellom anna blues og country.

Engelskmannen har vore og er ein politisk person. Han var mellom anna ein av drivkreftene for «Rock against racism», og ga ut fleire plater som meir enn antyda kraftig motstand mot Margareth Thatcher og hennar regjering, spesielt Falklandskrigen. Costello har ein Grammy-pris, og vart i 2003 teken opp i Rock and roll hall of fame.

Costello har hatt mange hits opp gjennom åra. Ein av dei mest kjente er kanskje «She», som vart ei monsterhit då filmen «Notting Hill» kom i 1999. Men han er og kjend for perler som «Alison», «Veronica» og «I’ll never fall in love again», som han song saman med ei anna legende, Burt Bacharach.

I november slapp han singelen «You shouldn’t look at me that way out now!”, og han skal sommaren 2018 ut på nok ein turne. Før konserten på Tysnesfest skal Costello mellom anna spele i Anwerpen, Manchester og Wien.

Til no er fylgjande artistar lansert til Tysnesfest 2018:

Elvis Costello & The Imposters, Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, OnklP & De Fjerne Slektningene, Bigbang, Oslo Ess, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels