Nytt kjøkken i Onarheim Bedehus

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/5/2021 14:35

Onarheim bedehus har dei siste månadane fått rive det gamle kjøkkenet, og bygd nytt.

Det har vore eit godt dugnadsarbeid, og mange har bidratt til å få laga heilt nytt kjøkken.

Onarheim Bedehus er frå 1911, og kjøkkenet som har stått der fram til no, var frå ca 1970. I arbeidet som er gjort, har ein rive både tak og vegger, og fått isolert. Golvet vart også fjerna, og det er støypt nytt. Det er satt inn nye vindauge, og det er montert ny kjøkkeninnredning.

Som mange andre lag på Tysnes, har også Onarheim Bedehuslag vore avhengig av basar for å få inn pengar til vedlikehald.  Den årlege skjærtorsdagsbasaren har ein ikkje kunna arrangert på grunn av Covid -19.

Det er kome sponsormidlar frå Onarheim Bygdalag, Tysnes Kommune (tiltakspakke Covid-19) og ein stor sum frå Tysnes Kraftlag til opprustning av kjøkkenet.

 

Vær med å støtt det nye kjøkkenet i Onarheim Bedehus ved å kjøpe lodd på loddbøkene.

Vil du vera med å støtte, kan du Vippse direkte til: 598482 (Onarheim Bedehuslag) men hugs å også sende SMS med namn og antall lodd til Aase Hjertaker (tlf 90194769) – så skriv me det inn i loddboka. Trekning vert 24. mai.

 

Me håper de vil støtte det flotte nye kjøkkenet i Onarheim Bedehus