Tysnes kammerkor i trappa på Onartun. I fremste rekkje står frå v. dirigent Trent Bruner og solistane Benedikte Nygård, Hans Ole Dalland, Karianne Dalland Nesse og Sissel K. Clausen. Foto: Lars Kristoffer Meidell Alsaker.

Tysnes kammerkor skal ha to Nordaførr-konsertar

Publisert av: May Britt Meland
17/9/2021 08:43

Helga 25. og 26. september skal Tysnes kammerkor gjennomføra to konsertar med nord-norske viser. Den første vert ein kveldskonsert med påfylgjande dans i Grendatun, den andre ein ettermiddagskonsert med minibasar i kaffipausen på OnarTun.

Tysnesingane har opp gjennom tidene etablert mange og gode  band til den nordlegaste landsdelen. Både i samband med Nordlands-farten, hurtigruta, frakte-farten, havfisket og oppdrettsnæringa. Og det var ikkje berre fisk nordlandsfararane kom heim med. Mange var dei ungkarane frå Tysnes som også fann seg kone-emne under Lofot-fiske. Sterke kvinner frå Nordland er blitt stammødre til store slekter på Tysnes.

Og bortsett frå «bainnskapen», er det mange likskapar mellom kultur og lynne i dei to delane av det langstrekte landet vårt. Fjordan, fjæra, båtan og støa er stikkord i så måte. Kvardagslyrikk, rett og slett.

Dei siste femti åra har det grodd  fram ein frodig og allsidig låtskrivar-tradisjon nordanfor. Og blant dei mange gode nye nordnorske visene, har Tysnes kammerkor gjort eit utval som dei no vil presentera for tysnesingane. Nokre av dei utan tonefylgje, andre med akkompagnement av Trent Bruner (piano) og/eller Einar Frøyseth (rytmegitar) og Arne Kleppe (bassgitar).

Nordnorsk visekunst er mykje meir enn Halfdan Sivertsen, og det har kammerkoret tenkt å demonstrera i «Nordaførr» siste helga i september. Eigentleg var det meininga å halda desse konsertane i mai. Men fordi dei fleste av vinterøvingane vart avlyste på grunn av koronasmitte og smittevernreglar, måtte framføringa av programmet utsetjast.

Koret har for tida eit tjue-tals aktive songarar. Fire av dei stiller denne gongen også opp som solistar. Dirigent er framleis Trent Bruner. Det har han vore sidan hausten 2014.

 

Arrangementskomiteen i Tysnes kammerkor ved Alf Terje Myklebust