Publisert av: May Britt Meland
21/4/2026 20:21
Feira 70 år
Laurdag 18. april var det høgtideleg stemning med mange bunadskledde damer på Haaheim Gaard då Tysnes Bygdekvinnelag markerte 70 års jubileum.
Det vart ein fin fest med god middag, kaker og kaffi. Ordførar Synnøve Bakke hadde flott tale til jubilanten, og Lorentz Lunde heldt eit fint og muntert kåseri. -Husfar Torstein Hatlevik hadde sjølvsagt også ei munter helsing til jubilanten.


Dei frammøtte fekk nyta flott musikk og song frå Lola Linda Poder.

Tysnes Bygdekvinnelag vil takke alle som kom og sytte for at det vart ein fin jubileumsfest.