Sommarbasar i grendahuset i Skorpo
23/7/2023 16:28
Laurdag 22.juli var den årlege sommarbasaren i Skorpo. Det var ikkje venta så mange frammøtte på årets basar, for mange av familiane som til vanleg er der, hadde meldt at dei var reist på ferie. Men jammen møtte folk opp i hopetal, og mange «nye» andlet var å sjå. Det var så og seia fullt hus. Og folk møtte fram i god tid, nokre ein time før tillyst tid. Basar er eit fint høve til å prata med både gamle og nye kjenningar.
Basaren gjekk føre seg slik det har blitt gjort dei seinaste åra. Etter velkomehelsing ved Bjørg, var det mat og kaffi, – saft til dei minste. Etter matøkta var det åresal. På alle basarane etter «koronaen», har det vore berre eitt åresal i staden for tradisjonelt fem, men no med fem-dobbel pris pr. åre.
Bjørg og Anne Karin stod for trekkjing av gevinstane, og nokre av dei frammøtte barna hadde jobb med å bera rundt gevinstar til vinnarane.
Siste post på programmet var trekkjing av gevinstar «på bok». Og jammen glytte no sola fram, og sluttsongen vart difor «Fager kveldsol smiler».
Det kom inn i godt over 22.500.- kr som kjem godt med til betaling av straum og forsikring som er dei størte utgiftspostane for grendalaget.
Desse vann «på bok»:
Ryggsekk 28 l Gudny og Sigmund Meland
Vaskesett for vindauge Aud Helen Skaten
Vaskesett for vindauge Arnhild og Sigmund Hovland
Tønnesjakk Sander Sælensminde
Kjevle Wilfred Sætre
Bingospel Helen Skaten Hystad
Akrylduk Mille Haukefær
Pledd Brit Barmen Revheim
Piknikkpledd Heidi Baugstø
Dreia skål Evy Karin Oppegaard
Ullpledd Amalie Haukefær
Stigegolf Olav og Hilde Mary Laukhamar
Dartspel Per Gunnar Stornes
Kjølebag Brynhild Simonsen
Steikjepanne Ingunn Tysnes
Sommardyne Heidi Baugstø
Rett trekning: Bjørg Haukanes Meland og Anne Karin Skorpen
Tekst og bilder: Harald Skorpen