Solid borteseier til A-laget

Publisert av: May Britt Meland
5/5/2024 18:54

A-laget med ny solid borteseier i gårsdagens oppgjer mot Vadmyra 2 🤩

Etter det forsmedelige nederlaget sist, var det ein revansjesugen gjeng som tok turen til Vadmyra i går ettermiddag.

Frå første spark på ballen tok våre menn kommandoen i kampen, og det tok ikkje lang tid før Jonas HL (bilde 1) som det er godt å ha heima igjen etter 4veker på sjøen på jobb, var på farten;

Han smatt unna forsvarspelarane og avslutta frå kloss hold. Keeper fekk stoppa forsøket, men kunne ikkje avverge Alexander som fulgte opp avslutninga og med stor vilje sklei ballen i nettet og Njardar i føringa.

Aksel dobla ledelsen med eit nydelig hodestøt i lengste hjørna etter innlegg frå Rafael .

Like før kvilen var det Jonas HL sin tur å notere seg i målprotokollen. Etter ein nydelig stikker frå midstoppar Ola , sprang Jonas frå alt og alle og var iskald aleina med sisteskansen. 3-0 til pause.

Vadmyra fekk seg ein redusering tidlig i 2.omg, men seieren var aldri truga og Rafael auka til 4-1 med ein fin avslutning i lengste hjørna, før Lasse fekk æren av å fastsette sluttresultatet til 5-1.

Ein godt gjennomført bortekamp av A-laget som allereie på tirsdag er klare for ein ny kamp på Reiso gras mot Bønes 2


Kampfakta:
1-0 Alexander. Assist Jonas HL
2-0 Aksel. Assist Rafael
3-0 Jonas HL. Assist Ola
4-1 Rafael. Assist Njord
5-1 Lasse. Assist Jonas HL

Desse var med:

Sivert
Jørgen
Endre
Ola
Tobias
Jonas SL
Aksel
Rafa
Alex
Lasse
Jonas
Heine
Njord
Raymond
Samson
Yusuf
(Trenar Marius var med på benk, men spelte ikkje pga. skade)

Tekst og foto: Njardar/Tysnes