Publisert av: May Britt Meland
19/6/2023 13:39
Snorklipping på Ramnanuten
Den 9. kulturminnetavla vart avduka på Ramnanuten søndag 18. juni. Stølsutviklaren song eigen versjon av: “Ve no velkomne med æra”, og snorklippar var Kristine Dale som hadde 252 turar til toppen i 2022. I sommarvarmen på søndag møtte nokre for tidleg, andre møtte for seint. Tavla held døgnope.
På kulturminnetavla kan du også lese om Todneset og solfenomenet.
Solfenomenet er at sola skin på sentral plass på Todneset ved vinter og sommarsolverv etter å ha vore bak eit fjell ei kort stund.
21. juni kan du sjekka det sjølv dersom sola er framme, eller lesa om det på kulturminnetavla. Wikipedia omtalar også fenomenet.
Tekst og foto: Tore Økland