Snø søndag?

Publisert av:
3/12/2010 15:33

Både yr.no og storm.no sine vérvarsler for helga antydar at det på søndag kan koma snøbyger.

Det kalde véret i det siste har gitt gode skeiseforhold rundt om på vatn i kommunen. No kan det kanskje bli skiføre også?

Vérmeldingane seier det skal bli litt mildare i helga, før det i neste veke blir kaldt igjen. I Uggdalsdalen har det enkelte morgonar denne veka vore nede i 17 minusgrader, melder Bladet Tysnes.