Snart husflidsmessa

Publisert av:
13/5/2009 13:14

Det er venta om lag 40 utstillarar til husflidsmessa i Tysneshallen. – Dei kjem frå Stavanger i sør til Lothe/Jølster i nord, men flesteparten kjem frå Hordaland, seier Liv Torunn Rekve i Husflidslaget til Tysnesingen.

Ho fortel at det vil verta ei variert messe med mykje teknikk innafor tekstil, søm og strikking. I tillegg vert det ein god del i tre, samt i stein.

– Me vil ha utstilling av gamle Tysnes-åkle frå medlemane våre. Dette er eit prosjekt me har jobba med den siste tida. Dessutan kjem Kristi Skintveit og held foredrag søndagen med temaet “Tradisjoner og trender i åkle”. Foredraget hennar vert nok hovudattraksjonen vår, seier Rekve.

Det vil også bli utstilling av arbeidet til borna som har vore i Husflidsstova gjennom vinteren, og det bli demonstrasjonar av ulike slag.