Ta med deg posen med hundeskit

Publisert av: Martha Nygård Lande
1/5/2020 15:55

Øykjaskoro Vel kjem i dag med eit høgt hjartesukk.

Det er satt opp nye hundeskilt langs vegen mellom Klokkargarden og Teigland, som tydeleg seier at ein bør ta med seg skiten etter hunden, og kaste i avfallsdunken.

Ikkje alle har fått med seg dette, så Øykjaskoro Vel oppfordrar eigar av denne posen til å vera så venleg å kome å hente, og kaste denne.

Dette kan vel og vera ei påminning til alle som ferdast ute med hund, at ein ikkje lar posen ligge igjen i grøfta.