Snakkast på fjorden

Publisert av: May Britt Meland
2/9/2018 15:27

Vil du være medhjelpar, og har du moglegheit for å stille med båt som kan bidra til transport av skuleborn?

Skuleprosjektet Snakkast på Fjorden er leia av tysnesingen Kjell Magnus Økland.
Tysdag 4. september frå 09.00 til 14.00 dreg dei i gong strandryddedag i Vedavika på Ånuglo.

Tysdag morgon kjem seglskutene Seladon og Mathilde frå Kvinnherad med til saman om lag 50 skuleborn som vil rydda. Barna er i alderen 6-14 år.  For å få til effektiv transport mellom skutene og området på land der det skal ryddast, er planen å frakta dei i småbåtar direkte inn til land i Vedavika på Ånuglo, seier Kjell Magnus Økland.

-Me har difor trong for nokre frivillige medhjelparar, særleg til transport via småbåtar som kan bidra. Har du høve til å stilla med båt eller hjelpa til på anna vis?

Ta i så fall kontakt med aksjonsleiar Kjell Magnus Økland på 95 04 67 39.

Ryddeaksjonen er ein del av skuleprosjektet Snakkast på Fjorden – sjå www.snakkastpafjorden.no

For meir informasjon og undervisningsopplegg knytta til marinforsøpling – sjå https://www.bof.no/skjaergardstjenesten/marintavfall