Fekk gåve frå Tysnes sparebank

Publisert av: May Britt Meland
12/5/2021 10:42

Treffstaden for ungdom er eit kommunalt tiltak der ein har ope for ungdomskuleelevar om tysdagane. Her kan ein koma og vera nokre timar, det blir servert litt mat, me har litt ulike spel, ein kan vera med venner eller finne seg ein stille krok om det er det ein ynskjer. Stemninga brukar å vera god og dei vaksne på Treffstaden er overbevist om at ungdom på Tysnes er blant dei kjekkaste i landet.

Denne veka har me fått på plass ein splitter nytt og flott biljardbord som er ei gåve til oss frå Tysnes Sparebank. Me er så takksame for at lokalbanken vår bryr seg om Tysnes-ungdomen og ynskjer å bidra til positiv aktivitet. Dette betyr mykje for oss! Tusen takk!

Denne tysdagen var Karoline og Gunnar frå banken innom hos oss, slik at me fekk takka for gåva og vist dei kor fint me har det på Treffstaden.

 

Helsing nøgde ungdomar og vaksne på Treffstaden