Slo tabelleiaren

Publisert av:
11/3/2012 20:20

Bjørnar 3 kom til Tysneshallen som innehavar av 1.plass på 7.divisjons tabellen. Men dei vart rett og slett knust av Tysnes-damene.

Bjørnar opna kampen best og var i dei 20 første minutta heile tida i føringa. I denne perioden brann heimelaget fleire klare målsjanser.

Men i dei siste 7-8 minutta før kvilen løsna det for raudtrøyene og dei small inn fire kjappe mål, snudde kampen og gjekk til pause med 11-7 leiing.

Tysnes slapp aldri Bjørnar nærmare utover i 2.omgongen. Therese Kleppe stengte buret bakerst, og tysnesingane malte på heile kampen ut, og hadde ein fantastisk avslutning av kampen med fem vakre mål som gjorde at dei til slutt vann heile 25-15.

Tysnes vart betre og betre utover kampen og det var aldri tvil om at denne kampen ville dei vinna!

Desse var med: Therese Kleppe, Julianne Wollertsen, Celine Vevatne Lunde (5), Linda Flornes (2), Isabel R. Vik (2), Marion Brungot (1), Svanhild Tysnes (1), Sara Elisabeth Stue (4), Renathe Hagen-Lunde (4), Hege Flornes (2), Ingvild Hauge (2), Evelyn Frugård (2).