Publisert av:
5/8/2009 11:17
Slektstreff 3
Me starta i hagen på Solhaug før turen gjekk til Uren Luren.Det var vanskeleg å få med alle på bilete på Uren Luren då det var mykje tre og buskar der.Utsynet frampå kanten var framifrå og fleire burde få høve til å få oppleva dette.
Så gjekk turen til Barmen der bygdalaget sitt partytelt var sett opp og naboen sin grill var i sving.Det var lurt med partytelt for det viste seg at sjølv på ”solsio” regnar det.
Aktivitetane vart fotball,bading og fisking.Frammøte 36-1/2-1/2 (den siste halve vert truleg med på neste slektstreff)
Neste år er det kulturløype på Gjerstad-vassaktivitetar på Økland og tur til den nye stølsbua på Gjerstadstølen.