Slaktevekter hjort
6/3/2013 15:40
For fjorårets jakt er det for Tysnes meldt inn vekt på 561 felte dyr.
Tal frå Hjorteviltregisteret.no, syner følgjande gjennomsnittsvekter:
Kalvar: Ho 23,4 kg, Hann 25,7 kg
Dyr 1,5 år: Ho 42,3 kg, Hann 45,9 kg
Eldre dyr: Ho 54,8 kg, Hann 75,1 kg
Statistikktala for dei siste fem åra viser uendra eller små endringar i vekt på dyra.
Ut frå forvaltningsplan for hjort i Tysnes 2010-2015 ser ein at:
Slaktevekt gir ein peikepinn på om beitegrunnlaget står i høve til storleiken på bestanden, og kan indikera bereevna for den lokale hjortebestanden. Slaktevektene reflekterer dyra sin kondisjon, som igjen vert påverka av beitetilhøva.
Gjennomsnitt slaktevektene per år syner minimale endringar, noko som kan tyde på at bæreevna til beitegrunnlaget ikkje er nådd.