Publisert av:
19/8/2010 07:25
Skulestart
Så var det på’an igjen for elevar i barne- og ungdomskulen.
Mest spenning er det nok for dei som har sin aller fyste skuledag i 1.klasse. For andre som skal opp eit klassetrinn kan spenninga vera rundt det å få ny lærar.
For dei som tar steget opp i ungdomskulen frå i dag av er det nok også litt stas, og for dei nye 10.klassingane er sikkert fint å veta at dei er dei eldste elevane på skulen og om eit år skal dei ut av øya på vidaregåande.
Me ynskjer lukka til med det nye skuleåret!