Elisabeth er klar med kunst i sommargalleriet.

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/6/2019 18:13

Til helga opnar Elisabeth Godøy dørane til “Galleri Elisabeth G”!

Godøy seier at også i år, som tidlegare år, er det utstilt kunst frå dei fremste kunstnarane i Norge. Ho gler seg til å få vist fram både bileter og skulpturar.

I tillegg til kjende kunstnanamn som har vore med tidlegare, er det også i år nokre nye kunstnarar.

 

Aldri ein sommarutstilling utan flotte maleri frå Tor-Arne Moen, seier Elisabeth. I år vert det både sommar- og vintermotiv.

 

Frank Brunner har vore med tidlegare, og er også med i år.

 

Ein populær og årleg bidragsyter, er Roar Kjærnstad.

 

Nytt namn i år er Yngve Henriksen.

 

Nico Widerberg er kjend for dei fleste. Han skal også i år vere med på utstillinga med blant anna skulptur og litografi.

 

Ny i år er også ein nederlandsk kunstnar, Karin van Ommern som jobbar i granitt og marmor.

 

Desse bileta viser berre noko av det som kjem på galleriet.

Vil du lesa meir om galleriet og alle kunstnarane, kan du klikka deg inn her.

 

Bilete: Elisabeth Godøy.