Publisert av:
18/6/2010 20:53
Skryt til ferjemannskap
Ferja var den første som kom til hjelp då ein båt kantra og to menn fall i sjøen. Den eine vart berga, medan livet til den andre ikkje var til å redda.
Til avisa Sunnhordland seier regionsjefen i Tide, Torbjørn Havnerås, at ferjemannskapet øver kvar veke på liknande scenario. Ferjemannskapet har såleis god trening i få bergingsbåt på sjøen og vera bevisste på kva dei skal gjera ved ulukkestilfelle.
– Politiet har sagt at mannskapet handterte situasjonen på ein god måte og gjorde ein god jobb. Det er godt å høyra, seier Havnerås til Sunnhordland.