Siste kveld på Gjerstad
16/7/2017 10:09
Mange flotte artistar og god stemning !
Fyrste artist ut: Egil Olsen.
Artisten som i følge VG er «noe av det fineste og mest underfundige vi har».
Dei humoristiske og folkelege Vazelina Bilopphøggers skapte stemning.
Publikum song med og mange nytta høvet til å ta seg ein svingom. Både den eldre og yngre garde let seg riva med.
[youtube]p-IlebxD8pU[/youtube]
Skotske Amy Macdonald leverte og engasjerte publikum!
Allsang og ramsalt shantysang frå Storm Weather Shanty Choir
Refreng på store plakater sikra at alle fekk synga med.
Regnet som auka på la ingen dempar på stemninga på Gjerstad i går kveld.
Jan Ove drog publikum med seg frå fyrste sekund!
Avslutningskonserten på Gjerstad vart ikkje slik hverken arrangørane eller publikum hådde håpa på. Uvéret auka sterkt på utover kvelden; det regna kraftig og dei sterke vindkasta førte til at telt måtte takast ned.
Det vart ei kort pause etter at Jan Ove gjekk av scena der tryggleiksansvarlege vurderte sikkerheita. Så fekk Kjartan Lauritzen og Cezinando gjenømføre sine konsertar. Ein håpa på at véret skulle ro seg litt, men det auka berre på og det var dermed ingen annan utveg enn å stenge konsertområdet.
Den aller siste artisten og årets store trekkplaster, Alan Walker, vart dermed avlyst. Mange hadde lenge venta i spenning på at han skulle gå på scena og skuffelsen var stor då arrangørane måtte stenga Gjerstad arena. Vinden og regnet var så volsomt at det rett og slett ikkje var trygt og forsvarlg å halda fram.