Bjørn Eidsvåg kjem til Tysnesfest

Publisert av: May Britt Meland
6/2/2020 18:00

Bjørn Eidsvåg tek med seg fullt band og sin enorme slager-katalog når han kjem tilbake til Tysnesfest.

I sommar skal Eidsvåg gjere det han likar aller best, nemleg legge ut på turné og besøke landets krikar og krokar.

Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spilt teaterforestillinga «Etterlyst: Jesus» på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gonger, stått på ei rekkje festivalscener, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utseld Norgesturné saman med Sigvart Dagsland. I sommar speler rockepresten på nokre utvalde festivalar.

«Ny konsertsesong er like rundt hjørnet. Nye sanger skal presenteres for publikum, gamle låter skal pusses opp og kjente sanger skal spilles som de er. Vi er klare og gleder oss!», forteller Eidsvåg.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrevet ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historieforteljar, noke som får publikum til å vende tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg og bandet er ei oppleving som passar like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer, kulturhus og festivalar over det ganske land.

  • Det er nokre artistar me verkeleg tåler gjensyn av, og Bjørn Eidsvåg er definitivt ein av desse. Bjørn har «berre» vore her to gonger før, og sist i 2015, så no var det på tide å få besøk av han igjen. Me gler oss stort til å høyra han bergta publikummet vårt torsdag 9. juli 2020!

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2020:

Torsdag: Hjerteslag, Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Vinskvetten

Fredag: Highasakite, CC Cowboys, Stavangerkameratene

Laurdag: TIX, Village People, Kapteinen og car.pool