Siger på bortebane

Publisert av:
29/8/2012 06:35

Njardar/Tysnes 7ar hadde fått sin første siger for året, og det mot laget der dei tapte med 10 mål i vår.

Laga hadde kvar sin omgong. I første omgong herja særleg Alf Inge Stue og Ludvik Dalland med heimeforsvaret. Til pause var stillinga 5 – 1 til Njardar/Tysnes, og det hadde ikkje vore noko å seia på om leiinga hadde vore større.  I andre omgong kom heimelaget meir med, og fem minuttar før slutt stod det 5 – 5. Alf Inge kom inn på banen igjen og sette inn tre raske mål, og dermed var det stor jubel hos Njardar/Tysnes.

Heile laget gjorde ein god kamp. Johannes Haugsgjerd debuterte i mål, og det gjorde han på ein overbevisande måte. I midtforsvaret spelte Sondre Flygansvær ein god kamp, og han fekk god støtte av dei andre forsvararane. Fleire av spelararne levrete sin beste kamp for året.

Desse var med: Johannes Haugsgjerd, Øyvind Kleppe, Sondre Flygansvær, Rasmus Leite, Jakob Lande, Eline Teigland, Alf Inge Stue(5), Henrik Epland, Trym Dinessen, Ludvik Dalland(3) og Benjamin Tho.