Siger og tap

Publisert av:
20/10/2009 07:19

Bjarg – Tysnes 17/10
Årets 1.kamp vart mot Bjarg borte. Me forventa bra match, og det vart det. Me fomla ein del, nok til at Bjarg fekk overtaket på oss, å stressa oss så me fekk litt for mangen personlege feil.

Me kom oss opp i ryggen på dei, til uavgjort, men så rykka dei ifrå igjen med ett par mål. Til pause leda  dei 11-9. Me hadde på ingen måte gitt opp, og med Ingvild i storform denne dagen, så hang me med. Om ho ikkje scora sjølv, så serverte ho den eine kontringsballen etter den andre. Victoria som debuterte på damelaget i denne kampen, sprang villig vekk, og vart ho like godt toppscorer med 5 mål!!!

Det såg nesten ut som ein skulle klare det, men då det gjenstod 5min igjen av kampen var det fullstendig stopp. Ingen ting gjekk inn. Ikkje ein gong 7-m, så Bjarg vant tilslutt 22-17.

Laget: Celine, Silje(1 ), Ingse(1), Ingvild (3), Ida (2), Merethe, Lene (2), Linn(1), Hege (2), Marion og Viktoria(5)

Vadmyra- Tysnes 18/10
Neste kamp  var mot Vadmyra dagen etter……………….og ikkje alle var like kvikke tidleg ein søndags morgon nei!! Og det hjalp jo heller ikkje at hallen me kom til var så kald at ein måtte kjøpe seg kaffi for å få varme i kroppen. Og for dei som kjenner til litt om handball, så veit ein at kaffi, klister og handball passer ikkje saman!!!

Me brukte nok 1.omg på å både vakne og få varmen i oss, for det gjekk veldig i ”slow motion”. Og så hjalp det jo ikkje at dommaren hadde stått opp med begge beina feil! Til pause leda me kun 10-6, noko som sikkert var 10mål for lite, minst 2.omg var me igong, berre så synd at dommaren ikkje hadde fått stokka om på beina sine, men me prøvde så godt me kunne å halda fokuset på det me var komt der for, men jammen sette han sjølv den sidigaste av oss på prøve!

Celine, som den bakerste, hadde ein veldig god kamp, og plukka stort sett dei fleste skudda som kom. I 2 omg fekk dei ikkje mangen mål på. Som igjen gav oss mulighet til å kontra, og 11 mål på kontring er ganske bra. Til slutt vant me 24-10, som var så fortjent så fortjent! Toppscorer i denne kampen vart Lene, som òg lika å kontra!!!

Laget: Celine, Silje (3), Ingse (4), Ingvild (3), Merethe, Lene (6), Linn, Marion (5), Hege(1), Victoria (2) og Janne

Neste kamp er heima 24.10.  kl 15,40. Kom å hjelp jentene til ein ny seier!!!