Siger for J11

Publisert av:
31/8/2012 06:45

I går ettermiddag møtte Njardar J11 Kalandseid på Reiso kunstgras.

Njardar gjorde ein kjempegod 1.omgong og scora heile seks gonger.

Laget var kontante i forsvar og Njardar-keeperen hadde lite å gjera på. Framme var Julie Bakke flink å bevega seg i rom og skapa sjanser, og dette gjorde at ho scora tre mål. Karoline Hauge Hansen scora dei tre andre måla, etter at ho vann ballen inne på motstandaren sin banehalvdel og kom åleine med keeper.

Etter å ha jobba knallhardt før pause, var Njardar-jentene litt slitne etter kvilen. Kalandseid fekk reduseringsmål to gonger, men dei klarte aldri å bryta skikkeleg gjennom heimeforsvaret.

Dermed vann Njardar suverent 6-2 til slutt etter ein flott kamp.

Desse var med: Sarah Folgerø, Karoline H Hansen, Malene S Hagen, Martine Ludvigsen, Maria L Hagen, Petra Sløgedal, Julie Bakke, Synne Malkenes, Marita Lunde, Signe Pettersen, Ingeborg Flakke, Eline Stikkholmen.