Siger 7-4 mot Bømlo

Publisert av: Vegard Aslaksen
10/9/2019 10:04

Mandag kveld møtte G14 laget til Njardar/Tysnes Bømlo til seriekamp på Reiso kunstgraset.
Bømlo frå Langevåg sør på Bømlo spelar 7er kampar i 11er serie då dei ikkje har mange nok spelarar.
Våre gutar kom litt tregt i gang på små flater og sleit til tider med å finne rom å spele ballen i. I tillegg vart dei brutt i oppspelsfasen og vart noko usikker i avleveringar i fyrste omgong.
Laget låg under både 1-0 og 4-2 før spelarane med Jonas Hagen-Lunde i spissen tok tak i kampen i 2.omgong.
Laget skapte mange gode sjansar men det var Jonas som fekk ballen over målstreken med sine imponerande 6 scoringar i kampen til sluttresultat 7-4 for heimelaget.
Daniel Hagen laga det siste målet i kampen.

Tekst: Ronny Hagen