Publisert av: May Britt Meland
21/5/2023 07:12
Sesongopning på Årbakka
Laurdag 20. mai var det sesongopning med marknadsdag på Årbakka Handelstad. Dei nye vertane Lise Kvinnsland og Sabine Koch tok i mot besøkande i eit strålande mai-vær. Torstein Hatlevik heldt opningstale, og spelte på lur. Eterpå kunne folk kose seg på marknaden, og sjå på dei flotte utstillarane. 35 kunstnarar som stiller eit mangfald av håndtverk, billedkunst, grafikk, maleri, strikk, snikkarkunst, keramikk, glas, feller, kort, smykke, koppar og mykje meir.
Vertande ved Handelsstaden ynskjer å takke alle som bidrog til sesongåpninga, både utstillarar og besøkande, parkeringsvakter og talaren!
No er sesongen i gong med opning kvar laurdag og søndag frå laurdag og søndag fra kl 12 til 16 ut august.
Alle foto: Årbakka Handelsstad