Ynskjer lokal frukt på Oktobermarknaden

Publisert av: May Britt Meland
11/9/2021 19:52

9. oktober kl 11-14 skal vi ha oktobermarknad i Våge, fortel Rannveig Ljostveit Helland.
-Har du meir frukt enn kva du har brukt for, så er dette dagen for å selge unna litt!

Planen er å samle alt på samme stand og ha vipsnummer på kvar selgar.

Håper på positive svar, det er ikkje alle som har tilgang til “heimalaga” frukt.

 

Sist det vart arrangert Oktobermarknad i Våge var i 2019. Det vart stor suksess! Eit yrande folkeliv med mange utstillarar og eit rikt utval av produkt.