Å sitja saman og eta er med på å skapa eit godt læringsmiljø. Foto frå Tinghuset, lunch for 4. klasse.

Bygdekvinnelaget inviterer til debatt om skulemåltid

Publisert av: May Britt Meland
13/8/2023 10:43

Gratis skulemåltid – invitasjon til debatt.

Noregs Bygdekvinnelag med sine lokallag har gjennom mange år engasjert seg for innføring av eit dagleg skulemåltid. Bygdekvinnelaget jobba aktivt for ei innføring av dette fram mot valet i 2021, og det var eit viktig gjennomslag då regjeringa gjennom Hurdalsplattforma lova at det gradvis skal innførast eit dagleg, sunt skulemåltid.  Me meiner likevel det skjer for lite, då det i dag framleis er opp til kvar enkelt kommune å prioritera dette.

Å innføra eit dagleg skulemåltid vil vera eit viktig løft for folkehelsa.  Me har nok kunnskap om betydninga av eit næringsrikt måltid i skuledagen for læring, skulemiljø, fellesskap og gode matvanar.  Målet må vera at alle born og unge skal ha gode mogelegheiter for å lykkast i livet.  Her er skulen og skulemåltidet eit viktig verktøy for å utjamna sosiale forskjellar.

 

Kvifor er dette så viktig:

1. Sosial utjamning. Eit gratis skulemåltid famnar alle elevar og har ein utjamnande effekt.

2. Folkehelsa. Eit sunt kosthald og gode matvanar kan førebyggja overvekt og livsstilssjukdomar.

3. Ernæring og mattradisjonar. Læra born og unge om ernæring.

4. Tryggheit, trivsel og fellesskap. Å sitja saman og eta er med på å skapa eit godt læringsmiljø.

 

Tysnes Bygdekvinnelag er eit lokallag med hjarte for matkultur og gode råvarer.  Me ynskjer å jobba med mattradisjonar, då me synest det er viktig å ta vare på denne arven og bringa den vidare til born og unge.  Det var til dette arbeidet me fekk tildelt kulturmidlar frå Tysnes Kommune i 2022 og 2023.   Og no før kommunevalet til hausten, ynskjer me å engasjera lokale politikarar:

 

Er det vilje til å prioritera gratis skulemåltid?

 

Tysnes Bygdekvinnelag ynskjer å invitera til paneldebatt med dette som tema:

Tysdag 22.august kl 18:00 i det gamle Tinghuset i Uggdal.

 

Av 8 politiske parti som har liste ved kommunevalet denne hausten, er det 7 som vil delta.

Vidare vil Tysnes Helselag og Helsesjukepleiar delta.

 

Her blir det mogelag å stilla ein del gode spørsmål til politikarane og me vonar å få med mange engasjerte lærarar og foreldre til debatt.

 

Vel møtt.

 

Med venleg helsing

Tysnes Bygdekvinnelag
Jorunn Støle Bjordal, leiar