Publisert av:
4/12/2010 12:49
Satsar på sau
Eit stort nytt sauehus er under oppføring hos Jorunn og Per Ingolf Økland i Lunde. Under monteringa har dei hatt ein diger mobilkran til hjelp i to dagar.
– Det er nok ikkje kvar dag ein så stor mobilkran er i ‘Londabygdo’, seier Per Ingolf til Tysnesingen. Planen er å ha tett hus til jul.
Han fortel vidare at sauehuset på 27 x 12,5 meter vil kunna husa 160 vinterfora sauer. Om sommaren skal sauene til fjells.
Ekteparet Økland har i dag mjølkeproduksjon på garden sin, og dette vil dei halda fram med i tillegg til sauene.