No er det mogleg å førehandsrøyste

Publisert av: May Britt Meland
10/8/2021 20:40

Frå og med i dag og fram til 10.september er det mogleg å førehandsrøyste. Valdagen er måndag 13.september.
Under årets val vert folk oppmoda om å førehandsrøyste, dette for å avgrense smitterisiko på grunn av koronapandemien. Det er sørga for eit godt smittevern i røystelokala.

I Tysnes kommune kan du førehandsrøyste i Grendatun, Uggdal.
Les meir om opningstidene under førehandsrøysting her.

Hugs gyldig legitimasjon med bilete!
Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilete. Legitimasjon skal innehalde bilete, namn og fødselsdato.