Såto frå alle kantar!
25/3/2016 08:00
I fjor trekte Lars Vaular 1350 menneske opp til Tysnes sitt svar på Mount Everest.
Når me i år tek imot Sondre Justad på Såto, ligg det godt an til at me kan knusa rekorden frå i fjor.
I år vil me ha fokus på at me har mange stiar som fører til Såto.
Tysnesfjella er svært vakre og eignar seg godt for nydelege fotturar, men når mesteparten av publikum nyttar stien frå Myrdal, vert det ein ekstra stor slitasje denne dagen. Me har i år difor lagt opp til heile 7 mogelege utgangspunkt fordelt rundt på øya. Det finst endå fleire, men desse har me tenkt kan vera greie utgangspunkt. Stiane er godt merkte.
Basecamp Tysnesfest
Me inviterer i år publikum til fjells allereie onsdagen før konserten til Sondre Justad. Der vil me leggja opp til ein minicamp på Gjerstadstølen og ein på Ådnastegen. Me ynskjer å visa fram det flotte fjellet vårt til flest mogeleg, og dette vert ei unik mogelegheit til å gå opp til dei respektive campane og kosa seg i godt lag onsdag kveld, med kanskje eit akustisk musikalsk innslag. Torsdag har ein då eit godt utgangspunkt for siste etappe opp til Såto for konserten med Sondre Justad.
[youtube]Way1kOK1szk[/youtube]