KONFIRMANT 2023

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/5/2022 08:51

Konfirmasjon er for alle!

Alle ungdommer er velkomne som konfirmanter i kyrkja!
Både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig er velkommen som konfirmant.

Du behøver ikkje vere døypt for å vere med i konfirmasjonstida og undervisningen som skjer der. Men du må vere døypt for å delta i konfirmasjonsgudstenesta.

I konfirmasjonstida får du muligheten til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du mange nye opplevelser og du får lære meir om Gud og deg sjølv.

Menigheten gjer sitt aller beste for at du skal få ei god konfirmasjonstid.

Les meir her om det å vera konfirmant: https://kirken.no/nb-NO/konfirmasjon-i-den-norske-kirke/

Ta kontakt med Tysnes kyrkjekontor for innmelding til konfirmasjonsundervisning og konfirmasjon 2022/2023
48123310/ 41262844