Publisert av: May Britt Meland
25/6/2023 07:25
Sankthans feiring på Flatråker
Det var ein fin gjeng som samlast i Bygdastovo, til kjekk feiring, på tvers av generasjonar.
Det var “restefest” frå 17.mai, og det gjekk unna med rømmegrøt, pølser, is, popcorn og ikkje minst vafler frå den faste vaffelpressegjengen!
Tusen takk til dei flotte unge som jobba som nokre heltar i kiosken!
God innsats under quizen, og det vart delt ut vel fortente premier.
Me avslutta med med mimring til flotte bilete frå tidlegare tider på storskjerm, det satte mange pris på!
Fortsatt god sommar til alle!
På vegne av Flatråker bygdalag, May Siren Holme