Samhandlingsreforma
20/4/2011 05:11
Regjeringa la 08.04.11 fram det endelege framlegget til samhandlingsreform, med nye lover og ny helse- og omsorgsplan.
Hovedgrepene i reforma
Kommunal eigenandel ved sjukehusopphald
– Kommunane betaler 20 prosent av utgiftene til medisinsk behandling på sjukehus for alle aldersgrupper. Maks 30.000 kroner pr. innlegging.
– Utgjer ca. 4,2 mrd., som leggjast inn i rammetilskotet til kommunane
– Ingen eingenandel for operasjonar, fødsler, psykiatri, rus og rehabilitering.
Utskrivingsklare pasientar
– Kommunane har fullt ansvar for utskrivingsklare pasientar på sjukehus frå første dag. Utgjer 4.000 kroner pr. døgn.
– Rammetilskotet aukast med 560 millionar kroner for å byggje opp tilbod for desse pasientane
Øyeblikkeleg hjelp
– Kommunane får lovfesta plikt til å gje tilbod om døgnopphald for pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp
– Plikten innførast gradvis frå 2012 til 2016
– Fullfinansierast av staten med øyremerka tilskot. I 2012 vil det utgjere ca. 260 millionar kroner.
Helsemenister Anne-Grethe Strøm-Erichsen har uttalt til ”Kommunal rapport” at døgntilbodet kan organiserast på fleire måtar. Det kan vera eit lokalmedisinsk senter, det kan vere sjukestugu på Ål, det kan vera nokre senger på ei kommunal- eller interkommunal legevakt, eller på ein sjukeheim.
Reforma skal handsamast i Stortinget i juni 2011 og det kan verta endringar gjennom Stortinget si handsaming. Reforma innførast gradvis frå 01.01.12 under føresetnad at stortingsfleirtalet har gjeve si tilslutning.