Har du funne fram refleksane til haustmørket?

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/10/2023 06:57

I dag, torsdag 19. oktober, er det refleksens dag.

Refleksdagen vart arrangert av Trygg Trafikk for fyrste gong i 2006, og er alltid tredje torsdag i oktober.

Refleksens dag blir markert over heile landet, og målet er å få folk til å bruka refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje havnar i ei ulykke.

Her er fakta om refleks frå Trygg Trafikk: 

Refleksar er personleg verneutstyr (PVU)
Nye refleksar skal være merka etter ny standard CE EN17353 (tidlegare CE «EN13356» og CE «EN1150»).
Refleks skal brukast på begge sider av kroppen, så du er synleg frå fleire hold.
Refleks som bevegar seg, vises best.
Refleks gjer deg synleg på opptil 140 meters avstand.
Utan refleks er du fyrst synleg på 25–30 meters avstand.
Det selges mange falske refleksprodukt, sjå alltid etter CE-merking.